Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Oppdalspuls (lørdag 22. november 2008). Les mer om roperten…

Med og utan dativ

Oddvar Hoel har skrivi denne kommentaren med spørsmål til Mål og Namn:

Den 24. mai skriv Hallvard Dørum mye interessant om skrift og uttale av stad- og gardsnamn, og om korleis skilnaden i folkeleg bruk av dativ og den offentlege skrivemåten kan gi underlege utslag.
Dette viser oss at å halde fast på dativformene er så viktig at utan dei vil det meste av særpreget på oppdalsmålet bli borte og vi får ein langt fattigare bygdedialekt.

Dørum nemner hokjønnsnamna Lia, Myra og Vika, der det heiter
– E ska borti Li´a/My´ra/Vika osv, og
– E æ borti Li’n/My’rn/Vi´kin osv.

Men er det tvil om Mjø´a og Kå´sa som òg er hokjønnsnamn
– E ska på Mjø´a
– E æ på Mjø’n?

Når det gjeld Kåsa høyrest det ikkje alltid (allstad) ut som hokjønn. To av naboane mine på Hoel i Drivdala har kvar sine jordpartar sy Kåsom, og seier
– E ska sy Kåsinn og
– E æ sy Kåsom.

Det same gjeld Kåsinn på Risom, der Ola P. Hoel (han Ola Kåsåm. lokalt kalla) budde og dreiv garden.
Kva andre reglar, prep. gjeld når du ska å nånn sta’n?

Du kan t.d. seie:
– E ska på Auna, Mjøa, Gjessengran (eller te Gjessenger), på Gjelhauinn
– på Farbregdan (eller te Farbregd), på Risan
– (eller te Ri’s) på Tandan (eller te Ta’n), m.fl.

Til mange stader brukar vi ikkje på, men berre te: te Loss, te Hols – te Snøves – te Skarses, m.fl.

Det høyrest luguma’st ut med åt når du ska åt Vi´kin – åt Bjørkåsa – åt Li’n, m.fl.
Ei nærare utgreiing om bruken av desse reglane vonar eg at Hallvard Dørum kan gi oss, skriv Odvar Hoel.

Kjenner seg att
Dei kjenslene Oddvar Hoel har for oppdalsmål utan dativ, kan eg ikkje anna enn seie at eg kjenner meg att i, og det gjer sikkert andre òg på vår alder.
Men ein kan venje seg til alt, og dei jamnaldringane mine som hadde vakse opp «neppå Aunåm», hadde gjeve opp dativen alt for 60 år sidan, men elles kunne oppdalsmålet deira høyrest tolleg bra ut.
Målet neppå Aunåm i dag er hard kost for oss eldre. Men alt for over 30 år sidan fekk eg høyre at eg tala «hermetisk» oppdaling, og det var ikkje bra, forsto eg.
Lo av meg
Bror min lo av meg da eg for mange år sidan skildes frå han gamle Ola med helsinga «Låvvå så væl» og 85-åringen svara «Ha dæ! Det var eg som var «gått ut på dato», som det heiter, og han Ola som var «oppdatert».

Men vi får høyre at det er ein naturleg ting at språk og dialektar endrar seg. Til det er å seie at det er naturleg at språk døyr òg, og spørsmålet blir da kor lenge ein vil halde fram med å kalle det målet dei talar i Oppdal, oppdalsmål.
Kanskje ein da ein eller annan gong heller skulle kalle det samtrøndsk med nokre særdrag frå det tradisjonelle oppdalsmålet, som det etter kvart sikkert blir færre og færre av.
Heilt samd i
Det Oddvar seier om Mjø´a og Kå´sa, er eg heilt samd i. Kås, som ikkje lenger er i bruk anna enn i namn, tyder altså ein haug med tre og kvist etter nyrydding som hadde vorte brend for at aska skulle bli gjødsel, Namnet fins i Oppdal, som Oddvar seier, òg som Kåsin, som er hokjønn, bunden form fleirtal (normalisert nynorsk: Kåsene), dativ Kåsåm. Den danske skrifttradisjonen har gjort at endingane på -a, -an, -in, alle har vorte skrivne -en, og det har da vorte opphavet til mykje rot, med omsyn både til kjønn og tal.
Særmerkt trekk
Men så tek Oddvar opp eit svært særmerkt trekk ved oppdalsmålet, og det er preposisjonsbruken, særleg bruken av te «til».
Alle dei dømene han gjev på preposisjonsbruk, tykkjer òg eg er «lugume».
Når det gjeld reglane for når ein brukar te ‘til’ og når ein bruker andre preposisjonar i tradisjonelt oppdalsmål, så skal eg koma attende til det i neste Mål og namn om to veker.

Vist 73 ganger. Følges av 1 person.
Annonse